onsdag 27. februar 2013

Temperaturkontroll

Framleis ikkje teikn til bryggeutstyret frå Tyskland. Drøyer tida med å laga temperaturkontroll på (kj)øleskåpet som skal brukast som gjæringsrom. En STC1000 og ei frostvakt frå Biltema kopla saman med kjøleskåpet gir god temperaturkontroll.



Litt koplingsarbeid og deretter....



....fiks ferdig kontroll.

søndag 24. februar 2013

Braumeister

Då har eg tatt steget og tinga eit Speidel Braumeister 20 l. Det har stått på ønskelista lenge, men alltid har det vore noko anna som måtte prioriterast fyrst. Feilprioritering hevdar nokre dårlege vener, og dei har kanskje rett. Men no er det på veg, saman med råvarer til ein American IPA, som snart skal bli batch #1.